søndag 5. oktober 2008

Dagen derpå:P

No er det noko daga sidan eg har skrevet od det har skjedd mykje. Torsdags kveld var eg på All of Mia. Eg syns det var veldig bra sjølv om ho fekk dårlig kritikk. Mia er Mia og folk liker det. Syns at alle skal berre se på kor fantastisk ho var på scenen og drite i alt det andre. Like etter All of Mia skulle eg på Ylvis 3. Der var forventningane høgare og dei vart infridd. Det som imponerte meg mest var at dei sang utrulig bra. Det er aboslut verdt og se det. Etter det måtte eg heim og legge meg sidan det var øving fredag. 

Fredag var berre ein vanlig dag med øving og slappe av heime om kvelden. Det er litt kjedeleg aleiene heime. sakne thea og anna!. Lørdag var også grease øving og da begynte me på Grease Lightning. Det var kjempekjekt og dansen blir dødsfet. Einaste bekymring er at me skal ta nakkesprett. Det er litt vanskelig for oss som er litt baktunge:P 

Seinare på kvelden var det tid for ein liten fest. Fyrst skulle eg ha eit stort vors, men så vart me berre 3stk. Det var 
utrulig koselig og hyggelig å være med Espen og Hans-Erik. Drikken gjekk fort ned og plutselig var me litt bedugget og gjekk ut på byen. Det som skjedde der skal me forbli der;) 

Idag skal eg berre nyta fridagen. Grue meg litt til tannlegen i morgo. Håper det går bra! 
Vil på kino, møte Tonks og på Fila idag. Eg får se kva so skjer. 


<---Ps: slik skal scenen se ut i Grease:)


Takk for no og Peace out!

Ingen kommentarer: