onsdag 8. oktober 2008

JUngelijungeli!

I dag har vore ein slitsom dag. Eg kjenner at energien byrjer å gå på reserve lageret. Eg har hatt timer heilt frå kl 9 til halv seks i dag og vore på teater. I morgo skal me og øve på grease, noko me eigentleg ikkje skulle. Får berre håpe at eg får opp energien til i morgo. For Grease er Digg. 

Var på teateret i dag og såg jungelboka. Når eg fekk beskjed om at me skulle sjå den tenkte eg at det var barneforestilling. Det var det ikkje. Jungelboka var forandra til ein moderne asfalt jungel med drag panter og bokse balu+ keeg apekatta. Alt i alt var det bra, men syns ikkje det eigner seg for barn. Når ein kutter av hovudet på folk og riv ut hjerta er det ei bjølle som ringer og seie nei! 
Adil som hadde hovudrolla, kjent frå dansefeber, imponerte meg. HAn klarte og få meg til å gløyme adil og se mogli. Han var ganske bra, i tillegg så sang han kjempebra. 

Må berre få sei at eg har starta ein quiz som vil komme ut nokre ganger i veka. Den er det berre til å svare på så vinn du flotte premier! Ann Britt har faktisk vunne heile 2 gonger! Så skriv svaret i kommenat boxen og vinn!

I kveld slapper eg berre av med grease på tv og laxing. Må få musklane igang til i morgo:) 

PS: Følg med på video bloggen, kanskje du vinn neste gang? (ikkje Ann Britt;)

Ingen kommentarer: