Det har gått 2mnd sidan eg flytta til oslo og eg kan sei at eg stortvist. Eg bur med to fantastikse venner frå Viken (Thea og Anna). Dei er i skrivande øyeblikk i Hollywood med skulen. Lyt nok erkjenna at det er
tomt i leiligheita utan dei.
Livet i Oslo er svært hektisk og spennande. På skulen er det berre heilt fantastisk. Bårdar er akkurat alt eg har draumt om. Me har dans (jazz, ballett og gutteklasse), kor, sang, skodespel og høyrelære (som eg faktisk elskar). Dagane på bårdar er lange og varer frå 9 til 5 eller 6. Heldigvis bur eg berre 5 min frå skulen så det er ikkje lange vegen og gå. Kveldane pleie eg enten å benytte i sofaen framfor tv'en eller så er eg på kvelddansekurs på bårdar.
Sidan pengebruken vert høg av og bu i Oslo har eg måtte skaffa meg jobb. Eg jobber på Catinka Guldberg Senteret. Det er ein sjukeheim som ikkje ligg langt frå meg. Dei
har faktisk eige SVÆR k
antina, boblebad, treningsrom og badstu til oss annsatte. Det er veldig kjekt å jobbe der, men det kan aldri bli Omsorgstunet;)

<---- Eg har kjøpt meg bjørnef#$%e (kvifor heite det da?). Den vært digg til vinteren:D
Denne veka er det haustferie men eg fekk ikkje reise heim. Grunnen er at eg har fått dansejobb i Grease! Vetle (ikkje bokstavligtalt;P) frå stronde skal få lov til å danse samman med dei store musikalartistane i spektrum. Eg kan ikkje tru at eg er så velsinga!

Dette er klassen min på Bårdar:)
Sidan dette er fyrste bloginnlegg er eg ikkje så dreven på dette så eg avslutter her.
So long!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar